søndag 7. juni 2009

Bergen-Voss overstått!






Fekk lang tid til å grua meg på då eg stod og venta i omlag ein time nede ved Arenum laurdags morgon. Kvelden før hadde eg kome på at å faktisk ha med seg ekstra slange og pumpe ikkje hadde vore så dumt likevel, men då eg dei ikkje hadde til salgs fleire "førstehjelps"-kit der nede, vart eg lettare nervøs!


Starten gjekk omsider kl 08:24. Det vart fort etablert to lange rekker, utan noke rulle ifront, men tempoet var fint fordet. Då me nærma oss Arna var rullen òg kome i gang, men no var tempoet altfor høgt og det vart strekk fleire plasser. Det endte med at dei raskaste sykla frå, og dei som tok det meir med ro slapp. Eg kom då i ein aldeles god rulle rundt Garnes, som fungerte svært godt heilt inn til oppstigningen av Gullfjellet byrja.

Tempoet opp var fint og på toppen samla feltet seg at. Nokon svinga imidlertid av for påfyll, medan eg og ti andre fortsette nedover i fin fart, på ein rekke, med god avstand. I den andre tunnelen var da imidlertid ein som måtte forbi og midt inni punkterer(?) han, og heile mannen flyg over rattet. Dette rette foran meg. Var omlag ein halv meter fra å kjøre på han. Stoppa 50 m utanfor tunnelen og skalv, mest av brølene. Han vart flydd til Haukeland.


Turen opp Kvamskogen gjekk og veldig bra. Bakkane var tydeligvis ikkje mitt problem. Flatane derimot var verre. Spesielt etter Øystese-bakken var det dårleg med gode felt. HELDIGVIS, traff eg ein mann som hadde same tempo som meg, og dette vart redningen heile vegen inn til Granvin og Skjervet.


Skjervet gjekk fint. Varm asfalt, men heldigvis var store delar av bakken skuggelagt. På toppen viste klokka 05:52, noke som var ein gledelig overraskelse og som gav meir energi til å gi på ned til Voss enn nokon energibar kunne gjort.


Kom i mål på 06:24 og er svært nøgd med det. Alt i alt ein flott opplevelse!!!

( Er i fin form i dag, men kjenner det nedover i trappen:)

6 kommentarer:

  1. Jeg må jo nevne at du fikk bronseplass i din aldersgruppe (K17-19). Det står det virkelig respekt av, Kari. Gratulerer med det kjempegode resultatet. Hilsen en stolt storebror!

    SvarSlett
  2. WOOOOW!! Det er virkelig en prestasjon å være stolt av!

    Kjekt å lese referatet ditt fra rittet :-)

    Hilsen enda en stolt storebror

    SvarSlett
  3. Rettelse: Aldersgruppen skal være K16-19. Jeg ser forresten at tiden din også holdt til bronse i aldersgruppen K20-24...Utrolig bra! Hilsen Lars

    SvarSlett
  4. Steike sild! Respect, sista!!!

    SvarSlett

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.